Innvik

Vikanenett

Innvik - Utvik

Nyhende

Stor takk

Stor takk til Vikane Røde Kors!

Av Oddhild Hilde

Vikane omsorgsenter vil rette ei stor takk til Vikane Røde Kors for den innsatsen dei gjorde i forbindelse med straumbrotet i julehelga.

Når Vikane Omsorgsenter opplever eit så langvarig straumbrot er det mange utfordringar som må taklast.

Røde Kors, med Cato og Finn i spissen, var til uvurderleg stor hjelp for oss i denne perioden.
Dei bidrog med vakter på traktoraggregatet som sikra omsorgsenteret lys og varme, dei var ansvarlege for aggregat til omsorgsbustaden som var utan tilknyting til omsorgsenteret.
Heimesjukepleien er avhengige av drivstoff til bilane sine for å kome ut til brukarane - dette vart også ordna.
Dei utstyrte heimesjukepleie, bakvakter og leiing med radio slik at vi hadde nødvendig kontakt med omverda og kvarandre. Gjennom basen som dei oppretta på omsorgsenteret kunne vi nå kriseleiinga i Stryn.
I tillegg til alle desse oppgåvene stod dei heile tida til disposisjon for oss.

Det vart også gjort ein viktig jobb for bygdefolket elles, m.a. gjennom å opprette Jakt 1 på jaktradioen. I starten tenkte dei gjennom og sikra at det var radio oppe i alle bygdelag. Etter kvart som informasjon om kanalen nådde rundt var det mange som følgde med her. Dette var også ein viktig kanal dersom det var behov for akutt hjelp ute i bygdene.

Utan Vikane Røde Kors i desse dagane hadde situasjonen vore mykje vanskelegare for oss på Vikane Omsorgsenter.

Takk frå
Vikane Omsorgsenter,

Oddhild Hilde
Områdeleiar

Stor innsats av mange då juleorkanen viste krefter

Av Fjordingen

Både Vikane Røde Kors og Olden Raude Kross kan sjå tilbake på travle dagar med stor innsats frå medlemmene i samband med juleorkanen.

Røde Kors medlemmane i Vikane vart oppsøkt fysisk, og ambulansepersonell var i beredskap med m.a. hjartestartar. Liv og helse hadde første prioritet, men heldigvis oppstod ingen kritiske situasjonar i området.

Men sjekk av vegar og linjer, drifting av aggregat, oppretting av radiosamband med m.a. heimesjukepleiarar og besøk rundt om i heimane var ein del av kriseopplegget. Det blei rapportert tilbake til kriseleiinga i Stryn.
Minst 30 jaktradioar i Vikane området var operative.

- Eg føler vi greidde å organisere det heile på ein god måte ut frå forholda. Stor takk til alle som gjorde ein stor innsats i denne situasjonen, seier Reme.

Les heile saka i Fjordingen fredag 6. januar 2012, side 13.
Fjordingen kan også kjøpast i laussalg gjennom nettstaden www.buyandread.com.



Les også tidlegare nyheitskriv Vikane Røde Kors bør få ei takk, her på Vikanenett.


(Sist oppdatert 10.januar 2012, 11:56)

Gå til nyhendearkiv