Innvik

Vikanenett

Innvik - Utvik

Nyhende

Han vil ha E39 via Stryn

Fylkesrådmannen tilrår framtidig E39 om Stryn

Av Sogn og Fjordane fylkeskommune

Fylkesrådmann Jan Øhlckers. © Kristján Logason/Sogn og Fjordane fylkeskommuneFylkesrådmann Jan Øhlckers rår politikarane til å velje konsept SV-K10 som løysinga for E39 på strekninga Skei–Volda. Dette inneber tunnel under Utvikfjellet og bru over Nordfjord ved Svarstad og vidare inn på Kvivsvegen.

Fylkesrådmannen sluttar seg til tilrådinga frå Statens vegvesen og legg stor vekt på E39 som ei framtidig effektiv transportåre mellom Kristiansand og Trondheim.

Les heile saka på www.sfj.no.

- E39 bør gå via Stryn

Av NRK Sogn og Fjordane

Fylkesrådmann Jan Øhlckers rår til at E39 i framtida skal gå om Stryn.

...

– I tillegg er det gunstig for den fylkeskommunale økonomien at vi får tunnel under Utvikfjellet og utbetring av resten av Olden-Innvik.
Det gjer oss endå tryggare på valet.

Les heile saka på www.nrk.no/sf.

Fylkesrådmannen vil ha E39 via Stryn

Av Fjordingen

Fylkesrådmann Jan Øhlckers rår politikarane til å velje indre trase for den framtidige E39 på strekninga Skei-Volda.

Dermed følgjer fylkesrådmannen Statens vegvesen si prioirtering med tunnel under Utvikfjellet og bru over Nordfjord ved Svarstad og E39 vidare nordover via Kvivsvegen. Samferdsleutvalet i fylket skal ta stilling til tilrådinga 23. januar. Fylkestinget gjev endeleg fråsegn 31. januar.

Les heile saka på www.fjordingen.no.


(Sist oppdatert 04.januar 2012, 21:17)

Gå til nyhendearkiv