Innvik

Vikanenett

Innvik - Utvik

Nyhende

Indre linje opnar for stegvis utbygging

Av Fjordingen

Stryn kommune støttar Statens vegvesen si tilråding om indre linje for E39 Skei - Volda, skriv rådmannen i tilrådinga som vart lagt fram for forannskapet i dag.

- Kommunestyret legg vekt på at konseptet gir best innkorting i reisetid og det er også best på samfunnsøkonomiske verknader, skriv rådmannen. Konseptet vil medføre etablering av ein ny arbeidsmarknads-, bu- og serviceregion med akseptabel pendleavstand mellom mange kommunar i regionen.

I punkt to blir det lagt vekt på at det er ei fleksibel løysing som kan gjennomførast etappevis. Dei støttar samstundes betring av ferjefrekvensen Lote - Anda.

Les saka i avisa Fjordingen onsdag 18. januar 2012, side 6.
Fjordingen kan også kjøpast i laussalg gjennom nettstaden www.buyandread.com.



Du kan lese heile saka E39 - konseptvalutgreiing Skei - Ålesund på Stryn kommune.

sv-k10_-_pendling.jpg © AS Civitas
sv-k10_-_pendling.jpg
AS Civitas


(Sist oppdatert 18.januar 2012, 19:42)

Gå til nyhendearkiv