Innvik

Vikanenett

Innvik - Utvik

Nyhende

Anleggstart på Agjeldstunnelen i juni

- Vil ta omsyn til trafikken

Av Fjordingen

Statens vegvesen varslar anleggstart på Agjeldstunnelen i juni. 900 meter tunnel og 950 meter ny veg skal stå ferdig hausten 2014.
- Vi legg opp til ei smidig trafikkavvikling, spesielt med tanke på sommartrafikken, seier prosjektleiar Jon Harald Huseklepp.

Det blir ny anleggsstart Olden - Innvik i juni, og ferdig veg fram til Vanbergstunnelen hausten 2014. Kostnadsramma er 143 millionar kroner.

- Vi er i gang med den siste kvalitetssikringa og tek sikte på å få ut konkurransegrunnlaget for Agjeldstunnelen og tilstøytande vegar i februar, seier prosjektleiar Jon Harald Huseklepp i Statens vegvesen.
Det som no blir lyst ut på anbod er den 900 meter lange Agjeldstunnelen og 950 meter veg i dagen. 450 meter er den strekninga som står att mellom den nye strekninga Ugla - Agjeldskrysset og fram til der Agjeldstunnelen kjem ut i dagen. I tillegg til dette skal det byggjast 500 meter ny veg fram til påhogg for Vanbergstunnelen. Det fører mellom anna til at eit bustadhus og eit eldre uthus må bort.

Les heile saka i Fjordingen fredag 27. januar 2012, side 4.
Fjordingen kan også kjøpast i laussalg gjennom nettstaden www.buyandread.com.



Les også tidlegare nyheitskriv Ja, til Agjeldstunnelen, her på Vikanenett.


(Sist oppdatert 05.februar 2012, 21:52)

Gå til nyhendearkiv