Innvik

Vikanenett

Innvik - Utvik

Nyhende

E39

Fleirtalet i fylkestinget vil ha E39 om Anda–Lote

Av Sogn og Fjordane Fylkeskommune

Fylkespolitikarane har med 22 mot 17 røyster vedteke at dei ønskjer at E39 i framtida skal gå om Anda–Lote. Fylkestinget har ikkje noko klart råd til Stortinget når det gjeld traseen vidare nordover.

Fylkestinget stemde over fire framlegg i møtet 31. januar. Indre line – K10 – fekk 17 røyster, medan 22 av dei 39 fylkestingsrepresentantane ønskjer E39 om Anda–Lote.

Når det gjeld vegen vidare frå Lote, delte fylkestinget seg. Fem stemde for framlegget frå SV om å leggje vegen vidare gjennom Stigedalen og til Volda. 19 stemde for det såkalla S-alternativet, å leggje vegen om Kvivsvegen og så vidare til Sunnmøre.

Det er Stortinget som avgjer kva som blir den framtidige traséen for E39.

Du finn møteprotokollen og meir om saka på www.sfj.no.

Splid om E39-trasé

Av Fjordingen

Det vart fleirtal på 22 i fylkestinget for Lote - Anda som fjordkryssing for E39 i Nordfjord, medan 17 røysta for indre linje med tilknyting mot Kviven.

Les meir om saka på www.fjordingen.no, eller heile saka Fjordingen onsdag 1. februar 2012, side 2 og 5. Fjordingen kan også kjøpast i laussalg gjennom nettstaden www.buyandread.com.

Nesten ingen tvil om indre E39

Av Fjordingen

Eit samrøystes Hornindal kommunestyre støttar vegvesenet si tilråding om indre linje for E39 mellom Skei og Volda.

Les heile saka i Fjordingen mandag 30. januar 2012, side 5.
Fjordingen kan også kjøpast i laussalg gjennom nettstaden www.buyandread.com.


Godtek bompengar på E39

Av Fjordingen

Eit stort fleirtal i Stryn kommunestyre aksepterer bompengar på strekninga Stryn - Byrkjelo dersom E39 vert lagt etter indre linje.

Les meir om saka på www.fjordingen.no, eller heile saka i Fjordingen onsdag 27. januar 2012, side 5. Fjordingen kan også kjøpast i laussalg gjennom nettstaden www.buyandread.com.


Les også tidlegare nyheitskriv om E39, her på Vikanenett.


(Sist oppdatert 05.februar 2012, 23:33)

Gå til nyhendearkiv