Innvik

Vikanenett

Innvik - Utvik

Nyhende

Olden-Innvik

Fylkesveg 60 - Olden-Innvik

Av Harald Røyrvik

Det skal vere møte i hovudutvalet på fylket for samferdsle 15. februar, der det blir tatt stilling til fordeling av planleggingsmidlar til fylkesvegane.

Fylkesdirektøren rår hovudutval for samferdsle til å tildele Fv.60 Ugla – Skarstein 26 000kr og Fv.60 Hildestranda – Innvik 200 000kr av dei ufordelte midlar på 4,2 mill. kr til planlegging i 2012.

I saksframlegget kjem det fram følgjande status for tidlegare igangsette planprosjekt:

Fv. 60 Olden – Innvik
Det er godkjent reguleringsplan på heile strekninga. Planprosjektet er avslutta med eit meirforbruk på 26 000 kr som vert føreslege dekka av løyvinga til planlegging i 2012.

Fv. 60 Hildestranda – Innvik
Det er gjort noko førebuande arbeid. Stryn kommune ynskjer ein meir omfattande plan, der ein tek med hovudvegen over ei lengre strekning. Det er naudsynt med avklaring med Stryn kommune av omfanget i det som skal planleggast.

Les heile saka om dei 4,2 mill. kr til planlegging av fylkesvegane i 2012 på www.sfj.no.


Les også tidlegare nyheitskriv Trafikken gjennom Innvik, her på Vikanenett.


(Sist oppdatert 14.februar 2012, 20:08)

Gå til nyhendearkiv