Innvik

Vikanenett

Innvik - Utvik

Nyhende

Årsmøte i Vikane Røde Kors

Årsmøte i Vikane Røde Kors - 24. februar 2012

Av Harald Røyrvik

21 personar møtte på Vikane Røde Kors sitt årsmøte på Cafe Go’beten 24. februar. Her vart mellom anna Røde Kors Ungdom avdeling Vikane offisielt oppretta.

Etter initiativ frå aktive ungdommar i Innvik og Utvik, vart det i november 2011 starta ei ungdomsgruppe. Ungdomen har allereie bemerka seg både lokalt, innan distriktet og på landsplan. Årsmøtet vedtok at Røde Kors Vikane skal ha ei Ungdomsavdeling og Alexander Presthus vart leiar for ungdomen og får også plass i hovudstyret.

Laget består både av erfarne og nye medlemar med høg kompetanse og ståpåvilje. Dei samarbeider med tilstøytande lag og gjer ein kjempejobb for oss som bur her. Fleire av medlemane tok gjennvalg og ut frå årsmeldinga kan ein sjå at aktiviteten har auka frå 2010 til 2011.

Vikane Røde Kors har hatt fleire rednings- og beredskapsaktivitetar i 2011. Av dei største kan nemnast Sommardagane i Utvik og Utkantmarknaden i Innvik, forutan stor aktivitet etter ”Dagmar” sine herjinger i romjula.

Vikane Røde Kors Omsorg har godt samarbeid med Olden Røde Kors. Besøkstenesta er kvar onsdag på Vikane Omsorgsenter, samt besøk til einslege i bygdene.
I mai vart det arrangert avsluttningsfest for dr.Hoff som har hatt sitt lege-virke her i 39år.

Medlemstallet har gått litt tilbake dei siste åra og var i 2011 på 144 personar. Med mange nye og engasjerte ungdomar håpar laget at denne trenden skal snu.

I 2011 hadde laget kr.133.374 i driftsinntekter og kr.146.976 i utgifter. Laget har også for 2012 lagt opp til å bruke meir peng (ref. budsjett) enn dei trur dei får i inntekter. Dette kan dei fordi laget har kontroll på økonomien og har tilgjengeleg frie midlar.
Som eksempel på kva laget har brukt pengane til, kan nemnast hjartestartar som skal plasserast i Innvik. I Utvik har dei allereie hjartestartar som er plassert i brannbilen og no blir det også ein tilgjengeleg i Innvik, truleg på Vikane Omsorgsenter.


Les heile Årsmeldinga 2011 til Vikane Røde Kors for meir informasjon.


(Sist oppdatert 26.februar 2012, 22:19)

Gå til nyhendearkiv