Innvik

Vikanenett

Innvik - Utvik

Nyhende

Mars 2012 - bilde

"Drivved" fekk flest stemmer i mars

Av Harald Røyrvik

Av dei ti innsendte bilda i mars, vart det bilde "Drivved" som Luna Winkelhorst har tatt som fekk flest stemmer denne månaden.

Drivved © Luna WinkelhorstI mars fekk Luna Winkelhorst flest stemmer for bilde Drivved, tatt på saltkjellen i Utvik, med 7 stemmer.

Totalt var det gitt 40 stemmer i mars fordelt på dei 10 innsendte bilda.

Det var fem fotografar som hadde sendt inn bilder denne månaden. Tre av desse sendte inn bilder for første gang og ei av desse vart vinnaren denne månaden.

Sjå nærmare på desse og andre bilder under bildegalleriet ( Landskap / Dyreliv / Hendingar / Planter ).

Herved får Luna Winkelhorst hederlig omtale gjennom dette nyheitsskrivet og ved å ha bilde sitt på Bildegalleriet i omlag ein månad.

De andre som også har eit digitalt kamera, ikkje vere redde for å sende inn eit bilde og del det med oss andre på Vikanenett. Send inn bilde til ha-roeyr@online.no.

Ver og med på å stemme fram beste bilde i april ved å trykke på "Lik dette" under bilde eller ved å sende meg ein mail. Du kan stemme når du vil og på så mange bilder du vil, heile månaden og litt ut i neste.

Det er no 166 som følgjer Vikanenett på Facebook, følg med du også på www.facebook.no/vikanenett.


(Sist oppdatert 04.april 2012, 15:35)

Gå til nyhendearkiv