Innvik

Vikanenett

Innvik - Utvik

Nyhende

April 2012 - bilde

"Draglinn" fekk flest stemmer i april

Av Harald Røyrvik

Av dei 12 innsendte bilda i april, vart det bildet av "Draglinn" som Lene Drageset hadde tatt som fekk flest stemmer denne månaden.

Draglinn ©  Lene DragesetI april fekk Lene Drageset flest stemmer for bildet av fjordingen Draglinn, med 7 stemmer.

Totalt var det gitt 19 stemmer i april på dei 12 innsendte bilda.

Det var fem fotografar som hadde sendt inn bilder denne månaden og fleire av bilda hamna i katogorien hendingar.

Lene Drageset har tidlegare også sendt inn hestebilde "Hestane på sommarbeite" og dette bilde vart tatt ut til å stå på Juli-sida til Vikanekalendaren.

Sjå nærmare på desse og andre bilder under bildegalleriet ( Landskap / Dyreliv / Hendingar / Planter ).

Herved får Lene Drageset hederlig omtale gjennom dette nyheitsskrivet og ved å ha bilde sitt på Bildegalleriet i omlag ein månad.

De andre som også har eit digitalt kamera, ikkje vere redde for å sende inn eit bilde og del det med oss andre på Vikanenett. Send inn bilde til ha-roeyr@online.no.

Ver og med på å stemme fram beste bilde i mai ved å trykke på "Lik dette" under bilde eller ved å sende meg ein mail. Du kan stemme når du vil og på så mange bilder du vil, heile månaden og litt ut i neste.

Det er no 164 som likar Vikanenett på Facebook, følg med du også på www.facebook.no/vikanenett.


(Sist oppdatert 07.mai 2012, 21:52)

Gå til nyhendearkiv