Innvik

Vikanenett

Innvik - Utvik

Nyhende

Breimstafett 2012

Breimstafett 2012

Av May-Iren Skåden

Breimstafetten blir kalla vårens vakraste eventyr, men det var lite som minte om vår då vi deltok på årets stafett søndag 6.mai.

Vi møtte til defilering i snøkava, men trass vêret hadde vi det veldig kjekt.

Frå Innvik skule deltok 4 lag, 2 frå 2.klasse og 2 frå 3.klasse. Vi sprang fort og innsatsen var veldig god, så god at vi faktisk har planlagt å delta også neste år

Vikane IL stilte med eit jentelag og eit gutelag. Dei gjorde det godt og var sjølve fornøgde med dagen.

Det hadde vore kjekt om ein kunne få til ein «stamme» av gode løpararsom kan representere Vikane i tida framover.


Foto Mette Carlsen

Breimstafetten 1012 - 2 © Mette CarlsenBreimstafetten 1012 - 1 © Mette Carlsen
Breimstafetten 1012 - 4 © Mette CarlsenBreimstafetten 1012 - 3 © Mette Carlsen

(Sist oppdatert 13.mai 2012, 20:31)

Gå til nyhendearkiv