Innvik

Vikanenett

Innvik - Utvik

Nyhende

Pinsestemne

PINSESTEMNE

Av Ane Skrede

Pinsehelga 26.-28.mai var tre tøffe jenter frå Vikane på sitt første distriktsstevne i ridning ved Norsk Fjordhestgard på Breim.

Tonje Kleppe Skåden og Dorthea Solheim starta begge med sportsponnien Moonlight, mens Synne Skrede starta med fjordingen Merina.

Laurdagen var det dressur som stod på programmet. I klasse LD skal rytter vise at dei beherskar skritt og trav i eit bestemt program som dei hadde pugga nøye på førehand. Jentene bestod prøven med glans og enda på nøyaktig samme poengsum alle tre. Dressur ridning blir bedømt i % der 50% er godkjent. Jentene fikk alle 67,5% !!

Søndag og mandag var det sprangridning. Dorthea og Synne klarte feilfrie runder i 50cm klassa og fikk dermed sløyfe for Clear Round. Tonje som ikkje kunne vere med søndag starta 60cm mandagen og også ho klarte Clear Round med glans.

Jentene har hest som oppgåve i 4H (også Ingeborg Raftevold som var bortreist stevne-helga) og har trena i heile vinter. Alle var samnde om at det virkelig gav meirsmak å få delta på stevne.

Mykje av grunnen til at dei får oppleve alt dette er fordi dei har Karin Kleppe som held dei med hestar, og trenar dei. Vi vil derfor rette ei stor takk til Karin!

DSC_0930 © Ane Skrede

DSC_0938 © Ane Skrede

(Sist oppdatert 03.juni 2012, 15:13)

Gå til nyhendearkiv