Innvik

Vikanenett

Innvik - Utvik

Nyhende

Til Topps

Vikane Røde Kors Hjelpekorps Til Topps!

Av Veronica Hilde

Til Topps er eit samarbeid mellom Noregs Røde Kors, Integrerings- og mangfoldsdirektoratet, kommunesektorens interesse- og arbeidsgjevarorganisasjon og Den Norske Turistforeining. 1.-2. Juni 2012 gjekk det av stabelen for 5. gang og heile 9 førstehjelparar frå Vikane Røde Kors Hjelpekorps var med på årets sprekaste integreringsarrangement. Arrangementet går over to dagar, og begge dagane stilte godkjente førstehjelparar frå Innvik og Utvik opp. Turen mot Noregs høgste punkt vart ein fantastisk tur.

Tiltopps 2012 024 © Veronica HildeTiltopps 2012 022 © Veronica Hilde

Tidleg Fredags morgon satt 5 spente førstehjelparar frå Vikane på Juvasshytta, klare for å legge av garde mot Noregs høgste fjell. Det einaste dei hadde fått vite var at det var rundt 370 personar, men ulike nasjonalitetar, som skulle på toppen av Noregs høgste fjell, på 2469 meter over havet. Vikane Røde Kors Hjelpekorps stilte denne dagen med 5 av totalt 7 sanitetsvakter, dei passa på at alle kom trygt opp og ned igjen. Alle frå Vikane stilte i nye uniformer og oransje vestar, dei delte ut alt frå plaster til private vottar til forfryste fingrar. På slutten av dagen fredag vart det to turar for luftambulansen, men ingenting alvorleg.
Turen startar frå Juvasshytta, og derifrå går ein i grupper inn mot breen, og følgjer ura opp til toppen. Turen tar rundt 3 timar opp og 2 timar ned igjen. Det inneber både bratte bakkar på snødekt underlag og ein tur over breen, men det var ikkje noko problem for deltakande frå Vikane røde kors. Både Fredag og Laurdag var Røde Kors vaktene første mann opp og siste mann ned igjen, noko som gav meir enn 11 timar på fjellet per dag.
Gjennom heile helga var der fleire kjendisar som gjekk turen, blant desse Therese Johaug, Erna Solberg, Anniken Huitfeldt og Sven Mollekleiv. Fredag glimta sola til inn mellom skodda som låg over toppen, og det vart ein fin tur!

Tiltopps 2012 034 © Veronica HildeTiltopps 2012 031 © Veronica Hilde

Laurdags morgon var det opp igjen, denne gongen var det 9 representantar frå Vikane røde kors hjelpekorps som var med. Det var ca 750 som nådde sin topp, sjølv om vêret kunne ha vore mykje betre, då det var sterk vind og snødde det meste av dagen. Det var fleire laurdagen som søkte varme i Jervendukane som Vikane Røde Kors hadde tatt med. Stemninga var det ingenting å klage på, og sjølv om veiret ikkje var på vår side, var det ingen av dei 750 deltakande som klaga, og så nært som alle ville komme igjen til neste år.
Laurdag når alle var komt i mål, var det utdeling av diplom til dei 9 stolte førstehjelparane frå Vikane. Laurdags kvelden vart det også tid til litt sosialt med pizza på kafeen på Lom.

Tiltopps 2012 038 © Veronica HildeTiltopps 2012 036 © Veronica Hilde

Du kan også lese meir om Til Topps i nyheitskrivet Erna og Anniken nådde toppenwww.rodekors.no.


Førstehjelparar frå Innvik og Utvik heilt Til Topps

Av fjordingen

Ni førstehjelparar frå Vikane Røde Kors Hjelpekorps var med på årets sprekaste integreringsarrangement til toppen av Galdhøpiggen sist helg.

Dei som var med var: Finn Drageset, Cato Reme, Wenche Sunde, Grethe G. Hilde, Veronica Hilde, Anders Hage, Tor Henrik Hage, Håvard Lyslo og Fredrik Skrede.

Les heile saka i Fjordingen fredag 8. juni 2012, side 8.
Fjordingen kan og kjøpast i laussalg gjennom nettstaden buyandread.com.



(Sist oppdatert 09.juni 2012, 19:13)

Gå til nyhendearkiv