Innvik

Vikanenett

Innvik - Utvik

Nyhende

Bubilsjåfør nekta plent å rygge

Sat med hendene i kors i 15 minutt før han rygga på den smale vegen

Av NRK Sogn og Fjordane

På sin første tur med lastebil på Olden-Innvik fekk sjåføren frå Trøndelag oppleve kvifor vegen har eit så dårleg rykte. På eit av dei smalaste partia møtte han ein bubilsjåfør som nekta å rygge.

– Han berre sat der med armane i kors og nekta rygge, seier Lars Kjelmo (31).

Lastebilsjåføren frå Trøndelag forstår godt at dei som køyrer ofte på fylkesveg 60 Olden-Innvik er frustrerte over standarden. Rykta om kor dårleg vegen er og kor mange problem som oppstår her var han godt kjent med før han la ut på turen.

– Men at dette skulle skje hadde eg vel ikkje trudd, humrar han.

Les meir og sjå video frå saka på www.nrk.no/sf.


(Sist oppdatert 19.juni 2012, 20:43)

Gå til nyhendearkiv