Innvik

Vikanenett

Innvik - Utvik

Nyhende

Rask og effektiv oppklaring

Av Fjordingen

Tjuveri av nytt motorsagutstyr vart raskt og effektivt oppklara av politifolk frå Stryn og Hornindal lensmannskontor.

I førre veke vart ein bag med nytt motorsagutstyr levert inn til politiet i Stryn. Bagen hadde vore funnen i nærleiken av Hildaneset i Innvik av nokre bygdefolk. Det viste seg at utstyret i bagen skreiv seg frå Utvik Maskin, som har verkstad og salslokale i Innvik. Der hadde det vore innbrot.

Også på Viking Camping i Innvik har det vore innbrot. Myntautomatar i tilknyting til dusjanlegg er brote opp og pengane fjerna.
- Dette skjedde søndag kveld for ei veke sidan eller den påfølgande natta, seier Tor Egedahl. Kven som står bak dette innbrotet, var ikkje klart då Fjordingen snakka med politibetjenten fredag ettermiddag.

Les heile saka i Fjordingen måndag 27. august 2012, side 8.
Fjordingen kan og kjøpast i laussalg gjennom nettstaden buyandread.com.



(Sist oppdatert 27.august 2012, 17:12)

Gå til nyhendearkiv