Innvik

Vikanenett

Innvik - Utvik

Nyhende

Startar rassikring ved Ugla

Startar rassikringa neste veke

Av NRK Sogn og Fjordane

Statens vegvesen vil starte arbeidet med rassikring i området ved Ugla på fylkesveg 60 mellom Olden og Innvik neste veke.

Rundt 50 skuleborn blir kvar dag køyrd i buss forbi rasstaden ved Knarrura ved Ugla på fylkesveg 60. Etter fleire ras er foreldra svært uroa for tryggleiken til ungane og for snart to veker sidan aksjonerte eit 20-tals foreldre for ein tryggare veg for både skuleelevar og pendlarar.

Seinast i midten av juli var vegen stengd i to dagar etter at store steinar dundra ned i vegbana.

Etter dette fekk Vegvesenet utarbeidd ein ny geologisk rapport for området. Seksjonsleiar Margot Åsebø har tidlegare sagt til NRK at denne gjer at dei vil gjere tiltak for å sikre plassen.

Skal gjere fleire tiltak

Dette arbeidet skulle etter planen starte opp over helga, men blir no starta opp på torsdag, skriv Fjordingen. Årsaka til utsetjinga er at entreprenøren måtte ha tid til å få mannskap og utstyr på plass.

Må stengje vegen

I samband med sikringsarbeidet vil vegen kunne bli stengd i både kortare og lengre periodar. det kan bli snakk om både timar og dagar, fortel Åsebø til Fjordingen. Vegvesenet vil varsle om stengingane.


Les meir om saka på www.nrk.no/sf, eller heile innlegget i Fjordingen 31. august 2012 side 5.
Fjordingen kan og kjøpast i laussalg gjennom nettstaden buyandread.com.



Les også tidlegare nyheitskriv Foreldreaksjonen i Vikane - Ope brev vedr FV60 Olden Innvik og
Foreldre stod rasvakt for skulebuss, her på Vikanenett.




(Sist oppdatert 31.august 2012, 12:01)

Gå til nyhendearkiv