Innvik

Vikanenett

Innvik - Utvik

Nyhende

Fyrte av første salva

Ordføraren fyrte av

Av Fjordingen

Måndag kveld fyrte ordførar Sven Flo av den første salva i Agjeldstunnelen på fylkesveg 60.

Ein stor del av NCC sin 25 mann store stab på Olden-Innvik samt fleire leiarar i Statens vegvesen var til stades då opningsprofilen i tunnelen vart lagt. Det blir no køyrt to skift i tunnelarbeidet frå klokka 6 om morgonen til klokka 2 om natta.

Prosjektleiar Jon Harald Huseklepp ber om at bilistar tek hensyn. Vegen kan bli stengt i inntil 30 minutt så lenge sprengingsarbeidet pågår.

- Sikringsarbeidet i Knarrura nærare Olden tilseier uvanleg stor anleggstrafikk totalt sett, seier Huseklepp.

Dette står å lesa på www.fjordingen.no.

Meir informasjon kan ein finne i avisa Fjordingen onsdag 5. september 2012, side 5.
Fjordingen kan og kjøpast i laussalg gjennom nettstaden buyandread.com.



Følg med på vegmeldingar om Fv60 på www.vegvesen.no.


(Sist oppdatert 06.september 2012, 09:47)

Gå til nyhendearkiv