Innvik

Vikanenett

Innvik - Utvik

Nyhende

Røde Kors - Beredskapsvakt

Beredskapsvakt – ny Røde Kors aktivitet

Av Margunn Masdal, Røde Kors

Fredag og laurdag 14. - 15. september vil Røde Kors foreiningane Vikane, Olden og Stryn møte publikum. Røde Kors ønskjer å gi informasjon om beredskapsvakt og rekruttere frivillige til aktiviteten.

• Røde Kors i Stryn mobiliserer innbyggarane til beredskapsvakt
• God nærhjelp skapar ein tryggare kommune

Det er når dei store katastrofane eller krisene skjer at Røde Kors treng ekstra hjelp. Hendingar som er så alvorlege i omfang og tid at dei redningsressursane samfunnet disponerer i ein normalsituasjon, ikkje strekk til.

Frå tid til anna skjer det alvorlege hendingar i Noreg. Politi, brann og redningstenesta taklar normalt desse utfordringane sjølve. Det er ved større hendingar og langvarige situasjonar det kan vere trong for meir hjelp. Stryn kommune opplevde ei slik hending då romjulsorkanen Dagmar stengde vegar, slo ut straum og telesamband. Men sjølv i styggevêr skal eit samfunn fungere og det er her Røde Kors ønskjer å auke tal frivillige hjelparar som kan mobiliserast til beste for innbyggarane i Stryn.

Ein Beredskapsvakt i Røde Kors (RKBV) skal ha litt meir kompetanse, vere litt betre organisert, og ha litt betre føresetnader enn vanlig publikum, når ho/han vert kalla ut i teneste.

”Kva svarer du når Røde Kors spør deg: Dersom det skjer noko verkeleg alvorleg i området der du bur, kan Røde Kors kontakte deg for å spørje om du kan hjelpe?”

05092012_Olden OlavRune Myklebust_Sigurd Strand_Olga JE Frøholm_9701 © Margunn Masdal, Røde Kors

Røde Kors mobiliserer:
Foreiningsleiarane Olav Rune Myklebust, Sigurd Strand og Olga J. Eikenæs Frøholm er gler seg til helga, dei trur mange stryningar vil bli beredskapsvakt i Røde Kors.

Les nyheitskrivet Beredskapsvakt – ny Røde Kors aktivitet eller gå til www.rodekors.no/beredskapsvakt for meir informasjon.


(Sist oppdatert 10.september 2012, 21:05)

Gå til nyhendearkiv