Nyhende
25 timar i ei arbeidskorg på kraftlinja over Nordfjord
Redda ned etter 25 timar
Dei to mennene som sat meir enn 25 timar i ei arbeidskorg på kraftlinja 100 meter over Nordfjord er redda. Ved hjelp av Sunnmøre alpine redningsgruppe og eit Sea King helikopter vart det sendt tau ned til dei to karane i korga. Dermed kunne dei sjølv rappelere ned i ventande båtar på fjorden.
- Dette har vore eit frykteleg døgn med store påkjenningar først og fremst for dei to i korga, men og for alle involverte. Vi er alle svært lukkelege over at redningsaksjonen gjekk godt, seier Kai Petter Sårheim, kommunikasjonsdirektør i SFE.
Les meir på www.fjordingen.no.
Kraftig regn og vind kompliserer aksjonen for å redde ned dei to mennene som no har tilbragt nær eitt døgn i ei trang inspeksjonskorg oppe i kraftlinja 100 meter over Nordfjord. Ambulansemannskapet vurderer riskikoen ved ei redning ovanfrå som stor, ettersom vogna heng i ei kraftlinje lågare enn andre linjer i det same spennet. Politibetjent Geir Olsen opplyser til Fjordingen at den siste planen no går ut på å sende ei alpin redningsgruppe ut til dei to i ei ekstra korg. Planen vidare er å fire mennene ned til ein båt på fjorden.
Les meir på www.fjordingen.no.
To personar sit faste i ei arbeidskorg på kraftlinja over Nordfjord mellom Stavenes og Agjeld i Stryn. Forsøk på å redde dei to ned seint måndags kveld mislukkast.
- Helikopteret hadde berre ein kabel som referanse. Når ein skal halde helikopteret heilt i ro under ein slik redningsaksjon, er ikkje det god nok referanse. Difor er risikoen for høg, opplyser Erik Willassen, redningsleiar ved Hovudredningssentralen for Sør-Norge. Etter å ha gitt opp redningsforsøket, reiste helikopteret til Stryn der det no vert samla saman varme klede og mat til dei to mennene i korga.
Les meir på www.fjordingen.no.
Les meir på www.fjordingen.no.
Dramaet i kraftlinja held fram
Av Fjordingen (11/9 10:29)Kraftig regn og vind kompliserer aksjonen for å redde ned dei to mennene som no har tilbragt nær eitt døgn i ei trang inspeksjonskorg oppe i kraftlinja 100 meter over Nordfjord. Ambulansemannskapet vurderer riskikoen ved ei redning ovanfrå som stor, ettersom vogna heng i ei kraftlinje lågare enn andre linjer i det same spennet. Politibetjent Geir Olsen opplyser til Fjordingen at den siste planen no går ut på å sende ei alpin redningsgruppe ut til dei to i ei ekstra korg. Planen vidare er å fire mennene ned til ein båt på fjorden.
Les meir på www.fjordingen.no.
To menn må overnatte i korg over fjorden
Av Fjordingen (10/9 23:31)To personar sit faste i ei arbeidskorg på kraftlinja over Nordfjord mellom Stavenes og Agjeld i Stryn. Forsøk på å redde dei to ned seint måndags kveld mislukkast.
- Helikopteret hadde berre ein kabel som referanse. Når ein skal halde helikopteret heilt i ro under ein slik redningsaksjon, er ikkje det god nok referanse. Difor er risikoen for høg, opplyser Erik Willassen, redningsleiar ved Hovudredningssentralen for Sør-Norge. Etter å ha gitt opp redningsforsøket, reiste helikopteret til Stryn der det no vert samla saman varme klede og mat til dei to mennene i korga.
Les meir på www.fjordingen.no.
(Sist oppdatert 11.september 2012, 16:30)