Innvik

Vikanenett

Innvik - Utvik

Nyhende

Folkemøte om Olden-Innvik

Folkemøtet om Fv 60 Olden-Innvik

Av Jogeir M. Agjeld

Folket i Utvik, Innvik og Olden er så bekymra for situasjonen langs fylkesveg 60 at dei ber inn fremste politikarane i fylket til folkemøte på Olden skule 20. september.

Enno er det ingen som veit når vegen vert ferdig utbetra. Stadige ras og ulukker langs den smale vegen uroar, og situasjonen er blitt stadig verre dei siste åra.
– Tre gongar på 17 månader har det gått alvorlege ras, og alle gongane har det vore nære på at bilar kunne blitt trefte. Dette er vegen der heile ungdomsgenerasjonen frå Vikane må reise for å kome seg på skule, poengterer Olav Rune Haugen frå Innvik. Saman med andre medlemmer av bygdeutviklingslaga frå Utvik, Innvik og Olden/Oldedalen ber han inn til folkemøte om den mykje omtala vegen.

Vegplanar stadfestar rasfare

Statens vegvesen har planlagt ein 1,3 kilometer lang tunnel frå Ugla retning Olden.
– Det betyr at dei innser at rasfaren her er svært stor, men enno veit ingen når denne kan bli bygd. Tunnelen er einaste løysinga for sikker veg. No er tida inne for å finne pengane, seier Tanja S. Hage frå Utvik. Ho nemner også at Olden-Innvik er vegen som alle frå Olden, Loen og resten av Stryn brukar om dei skal på sjukehuset dei soknar til, og for å kome seg til det meste av viktige funksjonar elles i eige fylke.

Politikarane kjem

For å informere dei som har ansvaret for vegen om korleis alle som ferdast der opplever kvardagane, og for å formidle den store uroa som no spreier seg i bygdene, har arrangørane invitert eit solid samansett panel. Fylkesordføraren og gruppeleiarane på Fylkestinget vil kome, i tillegg til ordføraren i Stryn, representantar frå Statens Vegvesen og fleire til. Arrangørane håpar at denne forsamlinga også kan gi klare svar på kva som skal til for å sluttføre opprustinga av Olden-Innvik.

Møte ope for alle

Trafikken langs Olden-Innvik er høg. Vegen er viktig for svært mange, og der finst ingen omkøyringsvegar for lokaltrafikken. Stubben som for nokre år sidan vart kåra til Norges verste veg av dei som har arbeidsplassen sin bak rattet, tener til alt frå bygdaveg til pulsåre for viktig gjennomgangstrafikk. Her er traktorar på veg mellom gardane, skulebuss, fleire ulike ekspressbussruter, pendlarar, varetransport og tungtransport, for ikkje å gløyme alle turistane sommarstid. Såleis har møtet interesse for svært mange.
– Møtet er ope for alle. Tidspunktet er torsdag 20. september frå klokka 18.00 til 20.00. Det vil vere lurt å møte i god tid, understrekar Rune Holen frå Olden. Under møtet blir det også tilrettelagt for barnepass. Folk i salen får høve til å stille spørsmål og fortelje sine historier om opplevingar langs vegen når ordstyraren opnar for det.

o-i_fm2 © Jogeir M. Agjeld

Folkemøtet på Olden skule 20. september blir arrangert av Utvik vel- og utviklingslag, Innvik bygdeutvikling og Kontaktutvalet for Olden og Oldedalen, her representert av Rune Holen, Andreas Sunde, Harald Røyrvik og Tanja S. Hage.

o-i_fm4 © Jogeir M. Agjeld

Ikkje berre er Olden-Innvik av dei viktigaste gjennomfartsvegane i fylket. Den er også vegen der heile ungdomskullet frå Vikane reiser til og frå skule, og der svært mange pendlar i begge retningar. No må vi få vite kva som skal til for å få sluttført opprustinga, krev representantar for folket i Utvik, Innvik og Olden. Frå venstre Rune Holen, Andreas Sunde, Harald Røyrvik og Tanja S. Hage.


(Sist oppdatert 12.september 2012, 22:53)

Gå til nyhendearkiv