Innvik

Vikanenett

Innvik - Utvik

Nyhende

Bompengar på E39

Redaktørar kranglar om bompengar

Av NRK Sogn og Fjordane

Striden om kor E39 skal gå gjennom Nordfjord fører til harde frontar på leiarplass i lokalavisene. Redaktørane i Fjordabladet og Fjordingen kranglar no om kva det vil koste i bompengar om ein byggjer bru over Lote-Anda.

Før helga kom rapporten som seier at det mest samfunnsøkonomiske lønsame vil vere at E39 går via bru over Anda-Lote, og at ein her kan klare seg med 13 år bompengefinansiering.

Kva folk faktisk kan måtte punge ut med i bompengar er redaktørane i Fjordabladet og Fjordingen heilt ueinige om.

388 kroner eller 86 kroner?
Men kva må då folk ut med i bompengar? Redaktør Bengt Flaten i Fjordingen i Stryn skriv på redaktørplass i avisa måndag at bilistane då må ut med 388 kroner.

Les heile saka og høyr debatten mellom redaktørane på www.nrk.no/sf.

Billegare med flytebru Anda-Lote

Av NRK Sogn og Fjordane

Dersom det blir bygd flytebru i staden for hengebru mellom Anda og Lote kan prisen bli ein milliard lågare.

Det syner ein studie som Nordfjordkryssing AS har fått utarbeidd. Der går det fram at flytebrua kan byggjast for 1,9 milliardar kroner. Det er om lag ein milliard mindre enn hengebrualternativet som Statens vegvesen har lagt til grunn.

Les heile saka på www.nrk.no/sf.


Les også tidlegare nyheitskriv om E39 frå 13/9-12, her på Vikanenett.


(Sist oppdatert 19.september 2012, 09:46)

Gå til nyhendearkiv