Innvik

Vikanenett

Innvik - Utvik

Nyhende

Granskar E39-rapporten

Stryn kommune granskar E39-rapporten

Av Fjordingen

Stryn kommune går no grundig gjennom kvalitetssikringsrapporten som tilrår E39 via Stigedalen og Lote-Anda i staden for det indre alternativet. - Vi kjem til å jobbe målretta inn mot både departementa og Stortinget, seier ordførar Sven Flo.

I KS1-rapporten som vart lagt fram sist veke vert det tilrådd at E39 i framtida skal krysse Austefjorden med bru, gå via Stigedalen og bru Lote-Anda. Rapporten er utarbeidd av konsulentfirma Terramar AS og Oslo Economics AS på oppdrag av Finansdepartementet og Samferdsledepartementet.

KS1-rapporten går dermed imot tilrådinga frå Statens Vegvesen, som har tilrådd tunnel under Utvikfjellet og brukryssing ved Svarstad i Stryn.

Les meir om saka på www.fjordingen.no.


Les også saka Bompengar på E39, her på Vikanenett.


(Sist oppdatert 21.september 2012, 12:36)

Gå til nyhendearkiv