Innvik

Vikanenett

Innvik - Utvik

Nyhende

Godt nytt for Olden-Innvik

Torsdag fekk dei signala dei ville ha

Av NRK Sogn og Fjordane

Første skuledag stod dei rasvakt for skuleborna sine. Torsdag kveld fekk Olav Rune Haugen og Tanja Hage etterlengta veglovnader frå fylkespolitikarane.

Det skjedde under eit folkemøte på Olden skule der ein tverrpolitisk fylkestingsbenk stadfesta kor viktig det er å få rusta opp fv 60 mellom Olden og Innvik.

– Vi fekk vite at det ligg inne ei løyving i budsjettet for 2013 til behandling i finansutvalet, det er snakk om fem millionar kroner til forprosjektering på Ugla–Skarstein, seier ein av initiativtakarane, Olav Rune Haugen.

– Signala frå eit tverrpolitisk panel var at dette vil gå igjennom. Før møtet torsdag var det kanskje ein våt draum å få Olden–Innvik ferdig utbygd i 2015. No meiner vi det er realistisk å få det til, seier han.

Les heile saka på www.nrk.no/sf.

Foto Kjell Mortveit





(Sist oppdatert 21.september 2012, 14:41)

Gå til nyhendearkiv