Innvik

Vikanenett

Innvik - Utvik

Nyhende

Uttale frå Foreldrerådet under folkemøtet

Uttale frå Foreldrerådet i Vikane

Av Harald Røyrvik

Mange tok mikrofonen i salen under folkemøtet i Olden. Merete S. Lyslo var ei av dei og uttalte seg på vegne av foreldrerådet ved Innvik skule.

Her er innspillet frå foreldrerådet gjengitt:

Kvar dag sender vi elevar frå Utvik, Tistam og Innvik til Olden, til saman 34 elevar. Ungdomstrinnet er i Olden og vi har ikkje noko val anna enn å sende dei innover denne dårlege vegen uansett ver og føre.

Den siste tida har vegen vore stengt opptil fleire gongar, og mykje tyder på at tilstanden på vegen er blitt mykje dårlegare etter at vegen har blitt utbetra ved Ugla. Kva skjer no når det blir endå meir sprenging og arbeid innover i tunnellen? Mange foreldre sit med nervane utanpå om det er skikkeleg dårleg ver, noko det ganske ofte er i vårt distrikt.

I tillegg sender skulen i Vikane 4-6.klassingane ein gong i veka på symjeundervisning i Stryn. Dette gjeld 39 born. Til vidaregåande i Stryn reiser ca.20 born kvar dag. Slik sett fyller vi nesten to bussar ein gong i veka. For oss er dette ei svært dyrebar last.

Dette er krav/oppmoding frå oss.
• Rask og kontinuerlig utbygging av heile vegen.
• Dersom utbetringa fører til økt risiko, må det setjast inn hurtigbåt eller liknande til persontrafikk.
 

Eva Vik Verlo, ​​Henriette H Skåden, ​​Harald Røyrvik, Annelies Winkelhorst​, Merete L Søgnen​​​, Kristin L Søndenå og May-Iren Skåden




(Sist oppdatert 25.september 2012, 09:17)

Gå til nyhendearkiv