Innvik

Vikanenett

Innvik - Utvik

Nyhende

Vikane IL - Årsfest 2012

Søndag 28. oktober kl.15.00

Av Harald Røyrvik

Vikane Idrettslag held årsfest søndag 28. oktober klokka 15.00. Alle som har delteke på aktivitetar i regi av Vikane IL hausten 2011 og våren 2012 skal premierast.

Det blir også nytta høvet til å samle inn litt pengar til drifta av laget gjennom åresal og loddbøker. Idrettslaget ber derfor kvar familie om å ta med seg ein gevinst til åresalet.

Idrettslaget har fått følgjande gevingstar til loddbøkene:
Gåvekort på kr.500 frå Skogstad Sport
Bussbillett Stryn-Oslo tur/retur for 1 person
- gitt av Nettbuss Nordfjord og Ottadalen
Gåvekort på Cafe Go`beten
Gåvekort på Viking Camping og Kro
Marsipankake verdi kr.325 gitt av Innvik Fjordhotell
Eplekasse frå Innvik Fruktlager
4 stk middagar for to personar på Kafe Sjøatunet
- gitt av Utvik Maskin
- gitt av Garasjen
- gitt av Utvik bygg
- gitt av Kafe Sjøatunet
Fruktkorg gitt av ICA Innvik
Fruktkorg gitt av Sjøabua Mat
2 stk Saccosekkar og 2 stk Sacco dataputer
- gitt av Haugen Norge
- gitt av Innvik Sellgren
Lunsj for to på Cafe Go`beten gitt av Drageset Maskin
Gåvekort på kr.500 frå Studio Hilde Blomster og Gaver
Gåvekort på ICA verdi kr.300 gitt av Gjendebu
Gåvekort på ICA cerdi kr.300 gitt av IRAS

- Takk for gåvene som idrettslaget har fått!

Loddbøkene blir lagt utatt på Cafe Go`beten måndag.
Det er også mulig å kjøpe på bøkene under årsfesten.

Her finn du ein oversikt over dei som er satt opp for å få festen til å gå rundt. Vil spesielt påpeike at det er foreldra til borna som har spelt fotball som må hjelpe til med oppryddinga etter festen.


(Sist oppdatert 21.oktober 2012, 16:16)

Gå til nyhendearkiv