Nyhende
Lys Våken
Lys Våken
Første søndag i advent er det nyttår i kyrkja. Dette skal vi feire, saman med kyrkjelydar over heile landet! Natt til 1. søndag i advent, altså laurdag 1. desember samlast 10- og 11-åringane i Innvik og Utvik i Utvik kyrkje.
Der skal dei leike, bli kjende med kvarandre, lage gudsteneste, utforske kyrkja, ete god mat og sist, men ikkje minst, sove over i kyrkja. På gudstenesta søndag skal barna vere med og vise kva dei har øvd på.
Dette gler vi oss til!
Vi ynskjer foreldre, syskjen, besteforeldre, ja, heile kyrkjelyden i Innvik og Utvik hjerteleg velkomen til LysVaken-gudsteneste i Utvik kyrkje søndag, 2. desember kl. 11.
Etter gudstenesta blir det kyrkjekaffi.
Arr.: Innvik og Utvik sokneråd
Du kan også lese meir om Lys Våken på www.lysvaken.no.
Dette gler vi oss til!
Vi ynskjer foreldre, syskjen, besteforeldre, ja, heile kyrkjelyden i Innvik og Utvik hjerteleg velkomen til LysVaken-gudsteneste i Utvik kyrkje søndag, 2. desember kl. 11.

Arr.: Innvik og Utvik sokneråd
Du kan også lese meir om Lys Våken på www.lysvaken.no.
(Sist oppdatert 19.november 2012, 09:45)