Innvik

Vikanenett

Innvik - Utvik

Nyhende

Innsparingskrav på 2.500.000 i 2013

Handsaming av Økonomiplan 2013 - 2016. Skule- og kulturetaten.

Skule- og kultursjefen kjem med framlegg til møte i Skule- og kulturutval den 27/11-12 om å stenge barnehagane om sommaren og leggje ned SFO tilbodet i Utvik. Desse framlegga vil berøre Vikane. Forutan dette er det også opplista andre framlegg i Stryn kommune for å nå innsparingskravet på 2.500.000 i 2013.

Det var brei semje i administrasjonen om at følgjande innsparingar er dei som vil ramme tenestetilbodet minst:
- Feriestenging av alle barnehagane i 4 veker i juli
- Overføre elevane frå Rand til Nordsida skule
- Overføre elevane frå Storesunde til Tonning skule
- Leggje ned SFO tilbodet på Nordsida
- Leggje ned SFO tilbodet i Utvik
- Leggje ned SFO tilbodet på Storesunde
- Leggje ned stillinga som ungdomskontakt
- Redusere bemanninga i grunnskulen med 2 årsverk (reduksjon av rammetimetalet)

Det er kun to tiltak som kan gjennomførast som får heilårsverknad alt i 2013, ungdomskontakt og feriestenging. Resten av tiltaka får verknad først frå august 2013.
Andre tiltak vart og drøfta, men dei vil i sterkare grad gå ut over tenesteproduksjonen i etaten.
Det var mellom anna.
- Leggje ned SFO i Oppstryn
- Leggje ned SFO på Tonning
- Leggje ned SFO i Loen
- Leggje ned SFO i Olden
- Leggje ned SFO i Innvik
- Redusere tiltaka for barn med nedsett funksjonsevne i barnehage
- Redusere tiltak for minoritetsspråklege barn i barnehage og elevar i grunnskulen
- Redusere bemanninga i administrasjonen og/eller PPT
- Ytterlegare reduksjon av bemanning i grunnskulen
- Flytte ungdomstrinnet frå Olden til Stryn ungdomsskule

Feriestenging av alle barnehagane i 4 veker i juli:
Sommaren 2012 var dei fleste barnehagane stengde i 3 veker, men i Stryn sentrum var det barnehagetilbod heile sommaren. Det er 87 årverk i barnehagane. I tillegg er det 10 årverk med tilsette som har krav på ei ekstra ferieveka. Samla feriefråvere vert då 8,5 årsverk. Det er budsjettert med kr. 1.000.000 i feriebudsjett, dvs ca 25% av behovet.
Ved å stenge i 4 veker, så må barnehagane dekke den 5.ferieveka innafor ordinært vikarbudsjett.
Det faglege tilbodet til borna vert i realiteten styrka, pga at tilsette avviklar mindre ferie i den ordinære driftsperioden der det tidlegare ikkje har vore sett inn vikarar, men dette fører til ein del praktiske vanskar for foreldre/føresette. Det vert og tvungen fellesferie for personalet.

Leggje ned SFO tilbodet i Utvik:
I samband med flytting av elevar frå Utvik skule til Innvik skule, fekk dei halde fram med SFO tilbod i Utvik i samarbeid med barnehagen. Inneverande skuleår er det 8 deltakar på SFO i Utvik. Ved å leggje ned tilbodet, så kan elevane få tilbod om SFO i Innvik. Når sektoren er pålagt så store innsparingar, er det naturleg å avvikle tilbodet i Utvik.

Les heile saksomfanget (12/1205) på www.stryn.kommune.no.


(Sist oppdatert 24.november 2012, 20:37)

Gå til nyhendearkiv