Innvik

Vikanenett

Innvik - Utvik

Nyhende

Utsette sak om gang- og sykkelvegar

Av Fjordingen

Gang- og sykkelvegar i Stryn kommune og prioriteringa av desse, er ei stor og viktig sak. Etter framlegg frå ordføraren gjekk formannskapet onsdag inn for å utsetje saka.

Dette i påvente av ei avklaring med statens vegvesen 11. desember.

Saka skal opp før neste kommunestyremøte. Administrativt er det gjort framlegg om at Solvik-Loen må ha førsteprioritet etter å ha vore prioritert på tredjeplass. Vidare er det stort engasjement i Utvik omkring gangveg med bru mellom barnehagen og idrettsplassen.

Dette sto å lesa i Fjordingen mandag 3. desember 2012, side 5.


Alt om denne saka finn du i sakspapira til kommunen på www.stryn.kommune.no.

Les også tidlegare nyheitskriv Utvik-bruer har høgste prioritet, her på Vikanenett.


(Sist oppdatert 03.desember 2012, 22:22)

Gå til nyhendearkiv