Innvik

Vikanenett

Innvik - Utvik

Nyhende

Skulefritidsordning (SFO) i Utvik

Av FAU Vikane skule - Vikane 30.nov 2012

Til politikarane i Stryn kommune

Vi ser med stor uro at eit av forslaga til innsparingar er å legge ned SFO i Utvik. Dette kjem sjølvsagt til å få store konsekvensar for både barn og foreldre i Vikane.

Vi mista skulen i Utvik i 2007 og både foreldre og barn har etter kvart vendt seg til denne situasjonen, der foreldre med barn i 1.-4.klasse kan nytte seg av SFO i Utvik. Her leverer vi dei om morgonen, sender dei med buss til Innvik, og hentar dei på SFO i Utvik når dagen er slutt. Dette er ei god ordning for alle, og ein del av «sluttpakken» vi fekk av kommunen då skulen vart lagt ned. Kva med denne lovnaden?

I Utvik er det fleire småbarnsfamiliar som har jobbar både i Gloppen og i Stryn, der det blir store avstandar å køyre i løpet av ein dag. Det er lett å forstå kva stress det inneber å hente og levere på 2 ulike plassar, med barn både på SFO i Innvik og barn i barnehagen i Utvik. Det blir rett og slett vanskeleg å rekke dette innan åpningstida 7.30-16.30.

Vi ser og for oss at det blir mindre attraktivt å flytte til Utvik dersom SFO-tilbodet blir lagt ned. Vi er i ei positiv utvikling med nye arbeidsplassar som skal etablerast i dei gamle Doorialokala. Eit stort ønske i bygda, er sjølsagt at det kjem nye familiar som ønskjer å flytte hit. Vi ser det som svært negativt at eit så viktig tilbod til småbarnsfamiliar blir lagt ned.

Dette er altså eit tiltak for å spare pengar for kommunen. Men kor mykje pengar snakkar vi eigentleg om? Det som er opplyst i Fjordingen er at innsparingane kjem på ca. 65 000 kr. Men kvar skal ein gjere av dei 8 ungane som går på SFO i Utvik? Dei må då flyttast til Innvik. Her er det allereie trangt om plassen, kanskje ein må ha nye lokale for å få plass til alle. Det må vel tilsetjast fleire i Innvik for å passe på alle desse barna?

Slik det er i dag, er SFO i Utvik samlokalisert med barnehagen og den som har ansvaret for SFO også jobbar i barnehagen. For kommunen er dette ei svært billig ordning, og ei svært trygg og god ordning for barn og foreldre. Vi oppfordrar på det sterkaste politikarane i Stryn om å ikkje gjere endringar på SFO i Utvik.

Med helsing
Eva Vik Verlo, Merete Søgnen Lyslo, Mette Carlsen, Henriette H Skåden og May-Iren Skåden


Les også nyheitskrivet Innsparingskrav på 2.500.000 i 2013, her på Vikanenett.


(Sist oppdatert 07.desember 2012, 23:24)

Gå til nyhendearkiv