Innvik

Vikanenett

Innvik - Utvik

Nyhende

Låner til tunnelvedlikehald

Av Fjordingen

Fylkesutvalet går inn for at det naudsynte vedlikehaldet av tunnelar her i fylket neste år skal finansierast ved lån og overskytande midlar løyvde til Bremangersambandet. Det vert dermed ikkje teke midlar frå fv 60 Olden-Ugla.

Fylkesrådmannen gjekk inn for at delar av vedlikehaldet på tunnelar skulle finansierast ved å ta midlar frå prosjekteringa av fv 60 mellom Ugla og Skarstein på vegen Olden-Innvik.

Politikarane støtta imidlertid ikkje fylkesrådmannen si tilråding. Midlane til prosjektering av strekninga Ugla-Skarstein fekk stå i fred, i staden tilrådde fylkesutvalet at tiltaka som skal setjast i verk i 2013 skal finansierast ved å hente 10 millionar frå fv 616 Bremangersambandet, som har hatt ei nedjustering på anbodet og blir billegare enn det er budsjettert med, og låneopptak på 20 millionar.

Les heile artikkelen i Fjordingen onsdag 12. desember 2012, side 2.
Fjordingen kan og kjøpast i laussalg gjennom nettstaden buyandread.com.



(Sist oppdatert 13.desember 2012, 00:02)

Gå til nyhendearkiv