Nyhende
Vikane IL - Styrkhallen
Vikane IL med fleire tilbod i 2013
Nytt år og med nye forsett! Kansje nokon er å trimme meir? Vikane IL satsar i alle fall på å gi eit tilbod til dei fleste.
Frå før er det handball for 1.-2. klasse og 3.-4. klasse mandagar og 10-12 år på onsdagar.
Det er no starta opp fotball for jenter 13/14 år på mandagar frå kl.19:30 til 20:30.
Frå før er det fotball for jenter 15/16 år på onsdagar og gutar 11 år på torsdagar.
Barneidrett for dei minste (0-9 år) er som vanleg på torsdagane kl.17:30-18:30.
Gubbane kan utfalde seg i bandy på torsdag og/eller fotball på fredagar.
Så er det Idrettsklubb på fredagane i partalvekene for dei i 7.klasse til og med vidaregåande.
Sjå heile oppsettet over aktivitetane i Styrkhallen på www.vikanenett.no/vikaneil.
(Sist oppdatert 04.januar 2013, 11:14)