Innvik

Vikanenett

Innvik - Utvik

Nyhende

– Vegen er eit skrekkens eksempel

Olden-Innvik skrekkens eksempel

Av NRK Sogn og Fjordane

«Den oppsplitta utbygginga av Olden-Innvik er eit skrekkens eksempel»

Det er avdelingsdirektør i Statens vegvesen, Nils Magne Slinde, som kom med denne kraftsalven under ein pressekonferande på Skei torsdag. Slinde er lei av mange små økonomiske løyvingar i vegsektoren.

–Små løyvingar over mange år gjev lite effektiv utbygging. Det gjev lite effektiv planlegging, det gjev ein lite effektiv organisasjon for byggherren og det gjev små anbod med mykje oppstykking. Vi får korte strekningar med dekkelegging og korte tunnelar, seier Slinde.

Les heile saka på www.nrk.no/sf.

Dramatiske tal for Olden - Innvik

Av Fjordingen

Den økonomiske ramma for fylkesvegen blir kraftig redusert med det nye inntektssystemet frå 2014. Investeringstala for Sogn og Fjordane er rekna til 45 til 50 millionar kroner.

- Dette er dramatiske tal. Kartlegginga viser store behov for nye prosjekt, og vi har for lite midlar til å stoppe forfallet. Ser vi konkret på fullføringa av fylkesveg 60 Olden - Innvik kan sluttføringa ta lang tid om rammene ikkje blir auka i åra framover, og dersom politikarane ikkje finn andre finansieringsformer, sa fylkesdirektør Velaug Veum på Statens Vegvesen Region Vest sitt kontaktmøte på Skei 7. februar.

Kviven har endra trafikkmønster

Kviven har endra trafikkmønsteret i Nordfjord. Det er nedgang i trafikken Lote - Anda trass i problema med stengingstidene både på Strynefjellet og mellom Olden og Innvik.

Spennande vår

- Det blir ein spennande vår, sa regionvegsjef Helge Eidsnes. Han ventar på KVU både for Strynefjellet og for E39 Skei - Volda i tillegg til Nasjonal Transportplan som er varsla etter påske.

Les meir om desse sakene i Fjordingen fredag 8. februar 2013, side 4.
Fjordingen kan og kjøpast i laussalg gjennom nettstaden buyandread.com.


Vegvesenet og fylkeskommunen møtte lokalmedia

Av Sogn og Fjordane Fylkeskommune

Planprosessar og bussanbod stod på dagsorden då Sogn og Fjordane fylkeskommune og Statens vegvesen møtte media i fylket på Skei 7. februar. Fylkesdirektør Velaug Veum skisserte kva som er det viktigaste fylkeskommunen arbeider med på samferdslesida akkurat no og i åra som kjem.

Les heile saka på www.sfj.no.



(Sist oppdatert 11.februar 2013, 18:10)

Gå til nyhendearkiv