Nyhende
Februar 2013 - Vinnarbildet
"Vinter idyll på Yrineset" fekk flest stemmer i februar
Av dei innsendte bilda i februar, vart det bildet "Vinter idyll på Yrineset" som Anne Marit Yri hadde tatt som fekk flest stemmer denne månaden.

Som tittelen på bilde tilseier er det tatt på Yrineset i Olden.
Eigentleg ønskjer vi kun bilder frå Vikane, men sidan Yrineset har så stor tilknytning til Vikane fekk det vere med.
Totalt var det gitt 19 stemmer i februar og det var innsendt 4 stk bilder.
Det var tre fotografar som hadde sendt inn bilder denne månaden.
Sjå nærmare på desse og andre bilder under bildegalleriet.
( Landskap / Dyreliv / Hendingar / Planter ).
Herved får Anne Marit Yri hederlig omtale gjennom dette nyheitsskrivet og ved å ha bildet sitt på Bildegalleriet i omlag ein månad.
De andre som også har eit digitalt kamera, gjer vel i å sende inn eit bilde og del det med oss andre på Vikanenett. Send inn bilde til ha-roeyr@online.no.
Ver og med på å stemme fram beste bilde i mars ved å trykke på "Lik dette" under bildet eller ved å sende meg ein mail. Du kan stemme når du vil og på så mange bilder du vil, heile månaden og litt ut i neste.
Det er no 207 som likar Vikanenett på Facebook, følg med du også på www.facebook.no/vikanenett.
(Sist oppdatert 10.mars 2013, 13:21)