Innvik

Vikanenett

Innvik - Utvik

Nyhende

Familiedagen på Utvikfjellet var ein suksess!

Familiedagen på Utvikfjellet 7. april 2013

Av Mette Carlsen

Familiedagen som barneidretten og skigruppa arrangerte på Utvikfjellet søndag 7.april, var ein stor suksess.

Med variabelt ver på starten av dagen, var vi veldig usikre på kor mange som ville dukke opp. Klokka eitt kom både sola og folk.

Det var først eit uhøgtidleg skirenn med 3 postar der ein skulle kaste på blink, renne ned ein bakke på ulike måtar og til slutt gå siste del bærande på ein tallerken med snø. 29 ungar og nokre vaksne fullførte skirennet.

Etterpå var det saft og kaffe kokt på bål å få ilag med grilling av pølser. Ungane hadde nesten ikkje tid til å ete, for det var mykje aking og skileik i fleire timar!

Foto Kjell Bruland







(Sist oppdatert 09.april 2013, 21:27)

Gå til nyhendearkiv