Innvik

Vikanenett

Innvik - Utvik

Nyhende

Har kjempa mot vatnet i timesvis – må stengje veg

Torer ikkje ha vegen open i natt

Av NRK Sogn og Fjordane

Vatn i strie straumar har i heile dag herja med vegen over Utvikfjellet. No er det så ille at vegen blir stengd.

Vakthavande i E. Opedal & Sønner Håkon Ekornrud seier det har blitt jobba i timevis for å ta unna alt vatnet. Men etter kvart som dei har reinska grøfter og stikkrenner kjem det berre meir og meir vatn.

– Det er frykteleg vanskeleg arbeid dette her. Faren er at heile vegen kan forsvinne, det er det som er problemet, seier Ekornrud til NRK.no ved 20.15-tida.

I samråd med Vegvesenet er det difor bestemt at fylkesveg 60 over Utvikfjellet blir stengd frå klokka 21 måndag kveld. Ein vil gjere ei ny vurdering tysdag morgon, men det er usikkert kor tid vegen kan opne att.

Les heile saka på www.nrk.no/sf.


Følg trafikkmeldingane for Fv 60 på Statens Vegvesen si heimeside www.vegvesen.no.


(Sist oppdatert 15.april 2013, 21:10)

Gå til nyhendearkiv