Innvik

Vikanenett

Innvik - Utvik

Nyhende

- Trur politikarane står ved det dei har sagt

Av Fjordingen

- Sjølv om det i fylkesrådmannen si tilråding til Regional transportplan ikkje finst pengar til å fullføre opprustinga av strekninga Olden-Innvik, vel eg å ha tru på politikarane som har gjeve så tydelege signal om at det må finnast ei løysing, seier Olav Rune Haugen, ein av dei som leia foreldreaksjonen for ein trygg skuleveg Olden-Innvik.

I fylkesrådmannen si tilråding til Regional transportplan 2014-23 finst det ikkje pengar til nye vegprosjekt. Det betyr i så fall full stopp for opprustinga av vegen Olden-Innvik Når arbeidet på Agjelds-anlegget er avslutta 2014, vil det i så fall bli å rigge ned og reise, og parselllen Ugla - Skarstein vil stå att som same flaskehalsen som tidlegare.

Les meir om saka på www.fjordingen.no eller heile saka i Fjordingen fredag 14. juni 2013, side 7.
Fjordingen kan og kjøpast i laussalg gjennom nettstaden buyandread.com.



Les også Norges verste veg i lang tid framover, her på Vikanenett.


(Sist oppdatert 14.juni 2013, 15:40)

Gå til nyhendearkiv