Innvik

Vikanenett

Innvik - Utvik

Nyhende

Vikane vann på Voss

Vikane-gutane går frå siger til siger

Av Fjordingen

Vikane sitt Gutar 11-lag i fotball gjer reint bord både i serien og i cupturneringa. I helga gjekk dei gjennom Vossacup med fire triumfar.

- Ei utruleg helg på Voss der laget spelte to kampar laurdag og to søndag, seier Espen Aarreberg til Fjordingen. Han deler den administrative jobben rundt laget med Kurt Årdal og rosar trenaren Asle Nesdal for framgangen:
- Han har trena laget gjennom vinteren, og fått system på sakene. Dette saman med at den nye kunst-grasbana på skuleplassen blir flittig brukt, forklarer mykje av suksessen, seier Aarreberg.

Les meir om saka på www.fjordingen.no heile saka i Fjordingen onsdag 19. juni 2013, side 12.
Fjordingen kan og kjøpast i laussalg gjennom nettstaden buyandread.com.



(Sist oppdatert 20.juni 2013, 09:32)

Gå til nyhendearkiv