Nyhende
Tur til Nasjonalparksenteret
med bebuarar frå Vikane Omsorgssenter
18. juni gjekk årets langtur for bebuarar ved Vikane Omsorgssenter til Oppstryn og Nasjonalparksenteret.
I alt 25 personar fekk nyte naturen i nordfjordsk landskap langs ruta frå Innvik til Fosnes. Med nesten skyfri himmel, klar luft og blikkstille vatn, kunne ein sjå kjende og kjære plassar langs reiseruta. Ved framme kunne senteret by på film, god mat og eit mylder av andre vegfarande. Så fekk vi vere turistar for ein dag vi også! Etter mat fekk ein ute i det fri sjå majestetiske fjell frå nye uteplassar, og endå til varme seg ved open eld.

Nasjonalparksenterets uteplass med lavo og bålplass - Målfrid Beinnes, Hildegjerd Bjørlo, Magnhild Reme
Målfrid Beinnes som er 94 år er oppvaksen på Åning. Her sit ho i strandkanten og kan sjå mot heimefjella der ho er godt kjend. Mellom desse flotte damene står Hildegjerd Bjørlo som jobber på Vikane Omsorgssenter og som passer på at bebuarne våre kommer ut på mange flotte turar. Ved sida av Hildegjerd sit Magnhild Reme, den eldste i fylget med sine 102 år! Ho gler seg over turen, og alt ho får oppleve.

(Sist oppdatert 13.juli 2013, 10:12)