Nyhende
Månadens bilde - april 2015
"Panorama av Innvik skule" vart månadens bilde
Av dei innsendet bilda i april, var det "Panorama av Innvik skule tatt 6.august 2014" av Rune Osnes som fekk flest stemmer.

Forutan Rune hadde også Mette Carlsen sendt inn tre bilde frå Frydenbø cup 2015.
Du kan sjå desse og andre bilder frå Vikane under bildegalleriet. ( Landskap / Dyreliv / Hendingar / Planter ).
Herved får Rune Osnes hederlig omtale gjennom dette nyheits-skrivet og ved å ha bildet sitt på Bildegalleriet i omlag ein månad.
De andre som også har eit digitalt kamera, gjer vel i å sende inn eit bilde og del det med oss andre på Vikanenett.
Send inn bilde til ha-roeyr@online.no.
Ver og med på å stemme fram beste bilde i mai ved å trykke på "Lik dette" under bildet eller ved å sende meg ein mail. Du kan stemme når du vil og på så mange bilder du vil, heile månaden og litt ut i neste.
Det er no 374 som likar Vikanenett på Facebook, følg med du også på www.facebook.no/vikanenett.

Panorama av Innvik skule tatt 6.august 2014
Rune Osnes
(Sist oppdatert 05.april 2015, 13:56)