Innvik

Vikanenett

Innvik - Utvik

Nyhende

Hytterenovasjon

Av Harald Røyrvik

Steinar Frøholm stiller spørsmål om plasseringa av dunken for hytterenovasjon som står ved Innvik Kyrkje.

Hytterenovasjon © Steinar FrøholmSteinar skriv i brevet til Stryn kommune og Nomil "Er næraste nabo til Innvik kyrkje, og har i den samanheng gått fleire rundar med riksantikvar og biskop når noko skal gjerast på tomta mi.
Det vert opplyst at ”ingenting må gjerast som kan uroa det sarte miljøet rundt Innvik kirke….”

Stiller spørsmål ved plasseringa av dunken for hytterenovasjon ved kyrkja.
Dette er dessutan ein attraktiv plass for bubilar om sommaren, med dei følgjer det får…
Det er forresten ingen hytteeigarar som har vegen til hytta forbi der.

Ber dykk i første omgang om å vurdere denne plasseringa (jfr. Vedlagt bilde.)"


I svar frå kommunen og Nomil går det fram at dei ser poenget og at dei vil sjå om det kan finnast ei anna plassering.
Den tidlegare plasseringen ved containarane som står ved Fruktlageret i Innvik, blir nemnt som eit alternativ.

Hytterenovasjon har vore ei heit sak også i Fjordingen i det siste, sjå kva ordføraren seier i dag (17/4-09):
-Dette må vi få orden på


(Sist oppdatert 17.april 2009, 07:18)

Gå til nyhendearkiv