Innvik

Vikanenett

Innvik - Utvik

Nyhende

Trailervelt i Utvik

Trailervelt i Utvik 12.mai

Av Harald Røyrvik

Tirsdag kveld stilte ein dugnadsgjeng opp da ein trailer velta i grøfta ved Utvik Bygg.

Traileren var fylt med kjøttvarer frå Nordfjord Kjøtt og var på veg til Stavanger. Motgåande trafikk la merke til semitrailaren mellom Olden og Innvik, da han kom i godt driv gjennom svingane. Ferda enda opp i svingen ved Utvik Bygg, der han velta over på på venstre side. Det var dugnad på idrettsplassen i Utvik frå kl.18. Denne gjengen stilte opp og fekk flytta kjøttvarene frå semitrailaren og over i to andre lastebilar, i ledelse av Odd Arne Bruland. Det var mellom 15-20 mann i laget og dei flytta alle varene i løpet av ca. 3 timar. Da bilen endelig var tømt og vippa oppatt på vegen var det mørkt.

Foto ved Rangvald Skrede
Trailervelt1 © Rangvald SkredeTrailervelt2 © Rangvald Skrede
Trailervelt3 © Rangvald SkredeTrailervelt4 © Rangvald Skrede
Trailervelt5 © Rangvald SkredeTrailervelt6 © Rangvald Skrede
Trailervelt7 © Rangvald SkredeTrailervelt8 © Rangvald Skrede
Trailervelt9 © Rangvald SkredeTrailervelt10 © Rangvald Skrede


(Sist oppdatert 15.mai 2009, 06:45)

Gå til nyhendearkiv