Innvik

Vikanenett

Innvik - Utvik

Nyhende

Månadens (mai) bilde

Flott hjortebilde vart kåra i mai

Av Harald Røyrvik

Av dei innsendte bilda i mai, vart bilde Hjort-5 av Kjell Mortveit kåra til månadens bilde.

Hjort-5 © Kjell MortveitVikanenett har rundt 300 treff for dagen og truleg ser ein del av desse på bilda som er lagt ut. Nokre få av dei som intresserer seg for bilder og som sjølv tek bilder, har sendt inn nokre av desse til oss. Enda færre har gitt oss tilbakemelding på kva bilde dei synest er det beste.
Men underteikna har forhøyrt seg med nokre få og bestemt at Hjort-5 av Kjell Mortveit skal vere månadens bilde.
Vinnaren får kun hederlig omtale gjennom dette nyheitsskrivet og ved å ha bilde sitt på Bildegalleriet i ein månad.

Eg oppfordrar alle til å skryte hemningslaust til Kjell over bilda han har sendt inn til Vikanenett, når de ser han. I tillegg ønskjer eg at du sender inn bilder eller gjev tilbakemelding på dei innsendte bilda i juni.


(Sist oppdatert 12.juni 2009, 18:00)

Gå til nyhendearkiv