Innvik

Vikanenett

Innvik - Utvik

Nyhende

Stryn kommune må grave opp søppelplass i Innvik

Kommunen må sjølv grave opp søppelplass i Innvik

Av Fjordingen

Samstundes med at Stryn formannskap påla Dagfinn Muri å grave opp bygningsavfall, kom det fram at kommunen må ordne søppelplassen bak Gamle Innvik Ullvarefabrikk.
- Ei stygg sak, uttalte rådmann Harald Risnes då han orienterte politikarane om kravet frå fylkesmannen.

Midt i debatten om den ulovlege deponeringa av avfall i Olden, bad rådmannen om ordet.
- Kommunen har sjølv eit problem i Innvik. Frå fylkesmannen er det kome pålegg om at eit spesialfirma i Bergen skal vurdere kva som må gjerast for å rydde opp på den gamle søppelplassen i Innvik.

Les meir i nettutgava av Fjordingen (19.06.09)


(Sist oppdatert 19.juni 2009, 12:33)

Gå til nyhendearkiv