Innvik

Vikanenett

Innvik - Utvik

Nyhende

Kjeppar i hjulet for Olden Innvik

Utgravingar stoppar vegplan

Av Fjordingen

Stryn kommune må utsetje handsaminga av reguleringsplanen for Rv.60 Årholen-Ugla til hausten.
Årsaka er krav frå fylkeskommunen og Bergen Sjøfartsmuseum om arkeologiske granskingar.

Både Statens Vegvesen og Stryn kommune har vendt seg til fylkeskommunen for å finne ei løysing der planen vert vedteken med atterhald, slik at arbeidet kan gå vidare, men svaret så langt er nei.

- Eg kjem no til å ta saka med fylkesordføraren, seier ordførar Nils P. Støyva som er tydeleg irritert over innspelet som kom i 12.time, og etter at det var lagt ein god framdriftsplan mellom anna for utnytting av ti millionar frå "krisepakken".

Dette står det skreve enda meir om i Fjordingen mandag 22. juni 2009.


(Sist oppdatert 23.juni 2009, 14:11)

Gå til nyhendearkiv