Siste helga i juli er årets høgdepunkt for Utvik. Dei fleste passar på å halde seg heime denne helga og dei mange som har flytta herfrå vender heim for å få med seg feiringa. Dermed vert det ein flott muligheit til å treffast for så mange. Folk frå nabobygdene stiller også opp og det kryr av liv i sentrum.
Torsdag var det dugnad på kaia og åpen kafe etterpå. Fredag var det stand-up show og mykje latter. Etterpå samla folk seg på kafe'en der stemninga var høg.
Laurdag var det som vanleg torgdag med mykje kjekke boder med bla. kortreist mat og lokalt handverk. Loppemarknaden til barneidrettslaget var også veldig populær der ein kunne finne mang ein billeg skatt.
Margun Hage vart kåra til årets Utvikar for sin mangeårige innsats for handballen og bygdekvinnelaget i tillegg til mange andre verv. Ei absolutt vel fortent hedring!
Fiskekonkurransen hadde litt dårlegare deltaking enn tidlegare år, truleg pga. litt mykje vind på fjorden.
Det vart selt 420 billletter til dansen laurdag. Dei andre dagane hadde også godt oppmøte, så resultatet for Sommardagane 2009 er veldig gledeleg.
Her er litt bilder frå dagane. Send gjerne inn bilder dersom de har det.
 |
Grillmaten på kaia var populær i år også |
Kjell Mortveit |
 |
Havrafting |
Kjell Mortveit |
 |
Teltet |
Kjell Mortveit |
 |
Jostein og Remi fiskar |
Kjell Mortveit |
 |
1. premie i fiskekonkurransen til Remi Kristoffer |
Kjell Mortveit |
 |
2.premie Jostein Hilde |
Kjell Mortveit |