Innvik

Vikanenett

Innvik - Utvik

Nyhende

Turkafe og bygdevandring i Innvik

Turkafe i Liatunet og guida bygdevandring i Innvik

Av Kari Synnøve Muri

Komande søndag er det klart for eit nytt ”Ut på tur”- arrangement i Innvik, med guida bygdevandring og turkafe i Liatunet.

Komande søndag er det klart for eit nytt ”Ut på tur”- arrangement i Innvik. Dette er tur-tilbod for heile familien, der ein kan besøke den tradisjonsrike garden i Li , kombinert med kort eller lang tur, saman med guide eller på eiga hand. Turkafeen i Liatunet er open frå klokka 12, med høve til å kjøpe kaffi og noko å bite i. Serveringa vil ha eit internasjonalt preg ved at blir servert kaker etter oppskrifter frå ulike land.

Den guida turen blir ei lokalhistorisk bygdevandring som startar ved Innvik Fjordhotell Misjonsheimen kl. 13. Ein går til Gamle Innvik Ullvarefabrikk der det blir omvising i fabrikken, og vidare til den gamle prestegarden der det og blir omvising. Dag Vanberg er turleiar, han har mykje lokalhistorisk kunnskap og ei unik formidlingsevne. Her blir det mange interessante glimt frå nær og fjern fortid. Turen held fram (for dei som ynskjer det) gjennom Trastereirskogen, forbi gardane Skåden, Lyslo og Heggdal til Liatunet (det blir skyss tilbake til utgangspunktet for dei som treng det).

Velkomne til ei fin tur-oppleving i fleirkulturelt og tradisjonsrikt miljø!



(Sist oppdatert 20.august 2009, 10:05)

Gå til nyhendearkiv