Innvik

Vikanenett

Innvik - Utvik

Nyhende

FEST/KONSERT I HEIMLUND 31/10

FEST/KONSERT I HEIMLUND LAURDAG 31.10.2009

Av Steinar Frøholm

Anton Ruud And The Wrong Way Home kjem til Innvik!
Dette blir ein liveleg fest, med eit band som garantert kjem til å blåse støvet av veggane i Heimlund!

ruudAnton Ruud & The Wrong Way Home er kjent frå konsertar på Rockefeller og John Dee i Oslo, Hulen I Bergen mm. Dei har gitt ut to album; ”Anton Ruud & The Wrong Way Home” (2006) og ”War” (2009).

Gruppa er eit såkalla countrypunk band, og spelar god festmusikk, som vi håper skal live opp litt i haustmørket. Dei spelte på Gjendebu i påska, og på fjellfestivalen i sommar, til stor jubel frå dei framøtte. Her fekk dei og spørsmål om dei hadde lyst på ein innviktour og spele i Heimlund.

Bandet består av 10 ! personar – fleire av dei profesjonelle musikarar - som speler alt frå fele til el.gitar så det mangler ikkje trøkk frå denne gjengen. Vokalisten (whiskystemme til tusen) i bandet kjenner distriktet godt. Dette fordi han brukte ferien til å loffe rundt til fots (på Nordsida) med handkjerre og ein hane som vekkerklokke! Dette iflg. ein baksidereportasje i Fjordingen i sommar.

Vi som planlegg dette vil først og fremst ha fest i Heimlund, men vi vil og at dette skal gje eit sårt tiltrengt overskot, som vil gå til drifta av Heimlund. Nokre sponsorar er alt på plass, men er det fleire som vil bidra, så ta kontakt. Vi må prøve å få mest muleg ut av dette, til drift av bygda si storstove.

ruud2Dette blir blanding av konsert og dansefest med musikk av høg kvalitet framført med ekte speleglede. Derfor skulle alt ligge til rette for at akkurat du kjem på trivleg samkome i Heimlund siste dagen i oktober. Her får du kose deg med frisk musikk og god stemning. Og ta med rikeleg med kontantar……det vert kiosk på gamlescena. Det vert og lotteri, som vanleg med skamlaust dårlege premiar…

Det vil kome meir informasjon om tider, sponsorar, prisar etc. etterkvart. Så følg med.

Anmeldelsar og smakebitar frå Anton Ruud & Co finn du på NRK urørt her:
http://www11.nrk.no/urort/artist/antonruudandwrongwayhome/default.aspx

Sjå elles tidlegare reportasje på Vikanenett, frå fjellfestivalen:
Fjellfestivalen på Gjendebu 3. og 4. juli



(Sist oppdatert 05.september 2009, 18:29)

Gå til nyhendearkiv