Innvik

Vikanenett

Innvik - Utvik

Nyhende

Månadens (august) bilde

Ekorn vart kåra til månadens bilde i august

Av Harald Røyrvik

Av dei innsendte bilda i august, vart bilde Ekorn av Kjell Mortveit kåra til månadens bilde.

Ekorn © Kjell MortveitVikanenett har dei siste to vekene hatt 300 til 700 treff om dagen. Underteikna har fått gode tilbakemeldingar både på kalendaren, nyhendene, gratulasjonane og bildegalleriet.

I august var det berre Kjell Mortveit som sendt inn bilder. Vikanenett håpar fleire vil sende inn bilder og dele desse med oss andre.
I september har vi i alle fall fått inn bilder frå tre bidragsytarar så langt.
No i månadsskifte vart det også endra litt på oppdelinga, så no har vi Landskap, Planter, Dyreliv og Tilstelningar.

Fotograften som har tatt månadens bilde, Kjell Mortveit får kun hederlig omtale gjennom dette nyheitsskrivet og ved å ha bilde sitt på Bildegalleriet i ein månad.

Vikanenett ønskjer at du sender inn bilder eller gjev tilbakemelding på dei innsendte bilda i september.


(Sist oppdatert 05.september 2009, 17:57)

Gå til nyhendearkiv