Innvik

Vikanenett

Innvik - Utvik

Nyhende

Karistova innfrir alle forventningar!

Vikanenett har vore på Karistova og testa serveringstilbodet.

Av L. Paulen

Flott å sitte ute på Karistova © L. Paulen
Flott å sitte ute på Karistova
L. Paulen
Søndag vakna vi til strålande sol her i Vikane. Og kvar bedre å innta søndagsmiddagen enn høgt til fjells med nydelig utsikt over våre vakre bygder. Vi tok turen til Karistova for å sjå kva dei har føre seg der oppe. Vi har høyrt mykje fint, og etter eit bedre måltid kan vi seie oss heilt einige i all skryt av denne plassen.
Kunstutstilling med høve for kjøp
Kunstutstilling med høve for kjøp
Dina har fått med seg Bjørn Vagstad på laget og kan freiste med fleire alternativ til søndagens måltid. Både sosekjøt, kjøtkaker, svinesteik, rømegraut og kylling var blant valga vi hadde. Vi prøvde fleire av rettane og kan bare seie: For ein nydeleg mat! Det var det møraste sosekjøt, herleg heimelaga saus, spennande chili og ratatuille, ferske grønsaker, alt perfekt tilberedt.
Til dessert kunne vi velge mellom fleire kaker. Vi kan absolutt anbefale jordbærpaien. Den smakte fortreffeleg.
Herleg jordbærpai
Herleg jordbærpai

Vi kosa oss i fineveret på borda utanfor hotellet. Mange gjester hadde samla seg her denne fine dagen og stemninga var upåklageleg.

Hit kjem vi gjerne igjen!

Fin utsikt enda, men noko tilgrodd desverre © L.Paulen
Fin utsikt enda, men noko tilgrodd desverre
L.Paulen


(Sist oppdatert 14.september 2009, 13:11)

Gå til nyhendearkiv