Innvik

Vikanenett

Innvik - Utvik

Nyhende

Andre bollar på Kafe Sjøatunet

Av L.Paulen

Lis Eide tek over som ny bestyrar på Kafe Sjøatunet frå 1. oktober.

Etter ei tid utan fast styrar har Kafe Sjøatunet vore så heldige å få inn Lis Eide som ny bestyrar.
For dei som ikkje kjenner henne, har ho budd i Utvik i mange år, men er opprinneleg frå det fagre nordland.

Lis gleder seg stort til å sette i gang og har brukt veka på å vaske ned og bake.

Førstkomande søndag diskar Lis opp med sin første middag, og det er ikkje småtterier som står på menyen;
Salta lammekjøtt med kålrabistappe og pepperrotsaus! Til dessert tilbyr ho heimelaga karamellpudding.

Forhåpentleg går folk mann av huse for denne fristande menyen!

Åpningstider framover blir som før;
Onsdag og Fredag: 13:00 - 17:00
Torsdag: 13:00 - 18:00 (Klubbedag)
Laurdag: 11:00 - 16:00
Søndag: 13:00 - 18:00

(Sist oppdatert 30.september 2009, 15:34)

Gå til nyhendearkiv