Innvik

Vikanenett

Innvik - Utvik

Nyhende

I grøfta nedanfor Karistova

Av Harald Røyrvik

Dårlige pigdekk og litt for stor fart førte til utforkøyring.

Føraren som var aleine i bilen køyrte ein VW Passat over Utvikfjellet. Det var snø i lufta og det la seg snø i vegbana. Da han kom i svingen nedanfor Karistova fekk han sleng på bakenden og bilen hamna med fronten ned i grøfta. Ingen skade på føraren og liten skade på bilen, men der sto dei i ein god time. I løpet av denne tida var det fleire som stoppa og såg til at det sto bra til med føraren. Da klokka vart ti kom brøytebilen og like etter kom redningsbilen frå Byrkjelo. Ein liten time etter det var bilen vinsja oppatt frå grøfta. Føraren innsåg at han hadde så godt som utsletne dekk bak og tok kontakt med Garasjen i Utvik. Der fekk han til svar at det var berre å kome innom å stille seg i kø. Kl.12 var forteljinga ferdig og føraren av bilen køyrte heimatt med nye bakdekk og forhåpentligvis ein erfaring meir i bagasjen.



(Sist oppdatert 08.oktober 2009, 14:28)

Gå til nyhendearkiv